Januarbrev frå Rektor

Januarhilsen frå Terje Austnes

Kjære alle saman. Her kjem eit januarbrev frå rektor.

Vi er no i full gang med eit nytt år på VBS. Snø har gjort starten ekstra kjekk. Det er stor aktivitet i akebakkane rundt bygga, og det myldrar av barn som koser seg ute. 2020 var eit utfordrande år for oss alle. Starten på 2021 blei  også intens med nye reglar og tiltak mot smitte. Det er lett å bli motlaus, men heldigvis så er det mykje å glede seg over også. Sjølv med strenge smittevernsreglar må ein rektor av og til rundt på bygget, og møtet med alle dei kjekke elevane våra (sjølvsagt med avstand) er alltid ei positiv oppleving. Eg blir møtt med smil og glede, og eg må seie at eg er imponert over kor høflege og vennlege elevane er. Det gleder eit rektorhjerte.

Vi har gjennomført elev og foreldreundersøkinga i desember, og det er kjekt å registrer positive tal. Vi har svært låge tal på elevkonfliktar og mobbing. Elevane rapporterer om lite mobbing, både fysisk og digitalt. Dette er positivt, men det betyr ikkje at vi kan slappe av og senke skuldrane. Høg trivsel vil alltid vere eit viktig utgangspunkt for læring, og skule er eit dynamisk miljø kor ting kan endre seg fort, så her må ein vere på vakt.

Det er innført ny læreplan dette året, og vi var godt i gang med å sette oss inn i den nye planen når 2020 starta. Pandemi har tatt vekk mykje av fokuset og det er ikkje lett å endre ein pedagogisk praksis når ein ikkje kan samle dei tilsette for å diskutere pedagogikk. Vi har ikkje hatt den progresjonen som vi i utgangspunktet ønska, men vi har heller ikkje stoppa opp. Vi har hatt fokus på grunnleggande ferdigheiter, då spesielt med fokus på lesing. Vi har arbeidd med ein ny leseplan som skal sikre at vi arbeider godt og riktig med dette både på mellomtrinnet og småtrinnet. Vi ser at resultatet av arbeidet vi har lagt ned på lesing dei siste åra har hatt ein positiv effekt på dei elevane som strevar mest. Vi har i dag færre elevar som skårar lågt på lesetestane, og det er bra, då lesing er ein viktig faktor for korleis ein klarer seg i skulen seinare i livet.

Eg vil også takke alle dei føresette for alle hjelp vi fekk i 2020. Heimeskule og pandemi gav oss nye utfordringar, men vi klarte oss gjennom det med god hjelp i frå heimane. Vi er heldige som kan støtte oss på ei foreldregruppe som stiller opp for skulen sin. Eg som rektor må også framheve alle dei tilsette som verkeleg har stått på det siste året. Eg har gått i krisestilstand sidan mars, men det har elevane merka lite til, takka vere innsatsen til personalet vårt. Eg er stolt over det arbeidet dei har gjort siste året, eg er heldige som har ein fantastisk gjeng å jobbe med kvar dag, noko som gjer at krisene på magisk sett finn ei eller anna løysning.

Det er ikkje til legge skjul på at 2021 også blir krevjande. Der ser ut som at krisa skal bli verre før det blir betre, og vi  må forvente at vi må vere i gul beredskap langt ut på våren (vi må berre håpe vi slepp raudt).  Håpet er at vi ved skulestart i august kan starte opp med normal drift og at vaksinane  gjer at vi kan fungere  som vanleg igjen.  Vi veit heller ikkje heilt endå korleis økonomien vil påverke oss, dette er eit pågåande arbeid som vi vil informere meir om seinare.

 

Mvh

Terje Austnes  Rektor                                                                                                     Valderøy barneskule