Ny ordning - redusert foreldrebetaling SFO

Regjeringa har innført ny ordning om foreldrebetaling for SFO. 

 

Ny ordning - redusert foreldrebetaling og gratis opphald i skulefritidsorningane frå hausten 2020.

Frå 1. august innfører regjeringa ei ny ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for elevar i 1. og 2. klasse. Det skal betalast maksimalt seks prosent av brutto løns- og kapitalinntekt. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå inntekta til den/dei føresette som har same folkeregisteradresse som barnet. I hushaldet si inntekt skal også inntekta til registrerte partnarar og sambuarar reknast med. Når sambuarar ikkje er mor eller far til barnet skal inntekta til sambuar reknast med når sambuarforholdet har vart i 12 av dei siste 18 månadane. Dersom inntekta er vesentleg endra, kan anna dokumentasjon på noverande inntekt leggjast ved. Søknadsfrist er 31.07. For søknadar mottekne etter denne fristen blir det gjort vedtak gjeldande frå månaden etter søknad med alle relevante vedlegg er motteken. Inntekta skal dokumenterast med skatteoppgjer for 2019. (Skattemelding er feil).

Søknadsskjema på www.giske.kommune.no.

Elevar i 5. – 7. klasse med behov for særskilt tilrettelegging har rett på gratis SFO. Foreldre treng ikkje levere søknad om fritak for betaling for dette tilbodet i SFO. Det skal søkjast om plass på ordinær måte.