Mottak av flyktningar

Fleire har tatt kontakt med spørsmål om kva Giske kommune gjer i samband med mottak av flyktningar frå Ukraina.

 

 Norge gir kollektivt mellombels vern til ukrainske flyktningar. Giske kommmune førebur seg til å ta imot desse. Sjå IMDI om busetting av ukrainske flyktningar. På nettsida til UDI finn du informasjon om vern og opphald i Noreg for personar som er ramma av krisa i Ukraina.

Det har dei siste dagane kome ein del flyktningar på vanlege direkte rutefly frå Kaunas, Gdansk og Amsterdam. Nokre kjem også via Oslo.  Tilsette frå Giske kommune har så langt vore tilstades på utanlandsankomster saman med representantar frå Røde Kors.
- Eg vil gjerne gi ein stor honnør til Røde Kors som har hatt eit døgnkontinuerleg tilbod til flyktningane heilt frå dei begynte å kome hit frå Ukraina. Dei gjer ein kjempejobb, seier ordførar Harry Valderhaug.

Kriseleiinga i Giske kommune har hatt fleire møter med Ålesund kommune, Sula kommune, Statsforvaltar, politi, UDI og andre statlege etatar. Staten ber kommunane bu seg på å ta i mot fleire flyktningar frå Ukraina under flyktningekrisa enn dei har vedtatt tidlegare.

Giske kommune har ikkje oversikt over alle flyktningane som har kome hit som turistar. Dei pliktar ikkje å registrere seg før det er gått 90 dagar. Alle som har kome til no bur med familie og vener. Kommunen har kjennskap til at det har kome fleire familiar hit, og at det også kjem fleire. Kommunane får dekt kostnadar for ukrainske flyktningar i private heimar.

Eigedomsavdelinga jobbar med å gjere klar bustader på Valderøya som skal stå klare ganske raskt. Oppvekstsektoren jobbar med å førebu førebelse plassar til barn i barnehage og skule, også det på Valderøya. Vaksenopplæringa på Hareid er også varsla om at det kan kome fleire nye elevar dit. Alle helsetenester i kommunen førebur seg også på å ta imot flyktningar og gi nødvendig helsehjelp.  

Politiet i Ålesund har etablert eit senter for registrering av flyktningar og dei som vil søkje asyl. Mottakstelefonen til politiet er: 70 11 87 00 eller 02800

Telefontid er mandag til fredag mellom 08:00 og 15:00.

Du må opplyse om namnet ditt, telefonnummer vi når deg på og adresse. Politiet vil deretter ta kontakt for tidspunkt for registrering. 

 

Andre nyttige lenker:

Politiet.no

Regjeringen.no

IMDI.no