Vi oppmodar dei som vil gi kle, sko, leiker og anna utstyr om å gjere alt klart, så vil vi etterkvart legge ut informasjon om det flyktningane konkret treng, og kvar og når det kan leverast.
Dersom bedrifter eller privatpersonar ønsker å gi eit bidrag til matkasser, så er det høve til å Vippse pengar til Frivillegsentralen på Vippsnummer 114573 og merke donasjonen med Ukraina.
Det vil bli lagt ut eit registreringsskjema med det første for dei som har private bustader til utleige primært på Valderøya. Giske kommune vil i første omgang opprette tenester innan barnehage, skule og helse på Valderøya for dei flyktningane som no kjem.
Det blir også laga eit skjema for dei som vil melde seg som frivillege. Dette er først og fremst ei kartlegging av dei som kan tenke seg å bidra, så vil kommunen ta kontakt ved behov.
Frivillegsentralen stiller lokale til disposisjon som møteplass for flyktningane eller for dei som skal jobbe med tilrettelegging framover. Lokala er tilgjengelege etter kl. 12 på kvardager og ettermiddagar/kveldar.
Ta kontakt med leiar for Frivillegsentralen, Ernst Valderhaug, på mobnr. 40 22 11 29 eller send ein epost til ernst.valderhaug@giske.kommune.no
Giske kommune vil legge ut meir infomasjon om flyktningesituasjonen løpande på heimesidene.