Varsel om oppstart av detaljplan Omregulering Gjøsund næring, gbnr. 7/196 m. fl.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar OSE AS med dette at det vert starta arbeid med kommunal reguleringsplan for næring/hamn på Gjøsundet. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Giske kommune står som forslagsstillar og OSE AS hjelper til med planarbeidet.

Merknadsfrist: 10.03.2023

Det aktuelle området ligg på gbnr. 7/196 m. fl, og er på omlag 342 daa. Formålet med planarbeidet er å justere gjeldande reguleringsplan for veg, byggjegrense, VA-trase, byggjehøgde, utnytting, m.m.

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

For nærare informasjon ta kontakt med Giske kommune på post@giske.kommune.no eller OSE, mob. 974 89 987, e-post plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Giske kommune og OSE AS under kunngjeringar.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til Giske kommune på e-post post@giske.kommune.no eller Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya innan 10.03.2023.
Merk eventuelle fråsegn med 23/3949
Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

 

Planregister: arealplaner.no