Giske kommune skal rullere arealplanen og arbeidet startar no!

Varsel om oppstart av arbeid med kommuneplanen sin arealdel og høyring av forslag til planprogram

Giske formannskap vedtok i møte den 25.09.2023, sak 099/23, med heimel i plan- og bygningslova § 11-12 å varsle oppstart rullering av kommuneplanen sin arealdel, og med heimel i plan- og bygningslova § 11-13 å legge forslag til planprogram for kommuneplanen sin arealdel ut på høyring og offentleg ettersyn.

Det blir informasjons- og dialogmøter:

Innbyggarmøte mandag 30. oktober kl. 18-20

Møte med næringslivet torsdag 2. november kl. 18-20

 

Tidslinje planarbeid

 

Presentasjoner fra innbyggarmøtet den 30.10.2023: 
- PP Kommuneplanen sin arealdel - folkemøte (PPTX, 793 kB)
- PP Innbyggarmøte (PPTM, 5 MB)
 

Kommuneplanen inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel og er det overordna, langsiktige styringsdokumentet i kommunen. Giske kommunestyre vedtok samfunnsdelen den 27.04.2023. Hovudmåla med rullering av arealplanen er å tilpasse areala etter dei langsiktige perspektiva som ligg i samfunnsdelen. Hovudtema er klima og miljø, samferdsel og tettstadutvikling.

Forslag til planprogram gjer greie for formåla med planarbeidet, planprosessen og medverknad. I tillegg er det overordna arealstrategiar i samfunnsdelen som skal vidareførast i arealdelen. Det blir tatt sikte på at kommunestyret vedtar planprogrammet, basert på dei innspel som kjem inn i denne høyringsrunden, i løpet av våren 2024.

Når forslag til planprogram no blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn blir det opna for innspel og merknadar til sjølve planprogrammet. Det blir samtidig opna for innspel til arealplanen. Alle innspel knytt til arealformål skal nytte eige skjema: Skjema for arealinnspel pr. 13.09.2023 (DOCX, 44 kB). På nettsida til Giske kommune vil informasjon om moglegheiter for medverknad bli lagt ut, - følg med!

Det blir med dette varsla oppstart av planarbeidet og samtidig sendast forslag til planprogram for kommuneplanen sin arealdel ut på høyring og offentleg ettersyn. Innspel til planprogrammet må vere sendt til kommunen innan den 17.11.2023. Frist for innspel til arealformål er også sett til den 17.11.2023.

Alle innspel skal sendast pr. brev eller e-post til:
Giske kommune
Rådhuset
Valderhaug 4
6050 Valderøya
post@giske.kommune.no

Brev skal merkast «Arkivsak 23/7624»

 

Kommuneplanens arealdel 2023
Tittel Publisert Type
Varsel om oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel - høyring og offentlig ettersyn av forslag til planprogram

04.10.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Varsel om oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel - høyring og offentlig ettersyn av forslag til planprogram.pdf
Planprogram - utkast pr. 13.09.23

04.10.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planprogram - utkast pr. 13.09.23.pdf
Næring og arealkrevande handel

04.10.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Næring og arealkrevande handel.pdf
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023-2033 - vedtatt 27.04.23 (5)

04.10.2023 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kommuneplanen sin samfunnsdel 2023-2033 - vedtatt 27.04.23 (5).pdf