Giske ungdomsråd på felles samling for Nordre Sunnmøre
Giske ungdomsråd var 2. februar samla på Norsk Maritime Kompetansesenter saman med ungdomsråda frå Ålesund, Sula, Haram og Fjord.
Ingvild Nautvik
Samlinga vart arrangert og leia av kommunane sine representantar i Ungdomens Fylkespanel Lisa M. Nikolaisen Roald, Iver Aarebrot og Kristine Dimmen.
Ulike tema vart diskutert under samling og det er nokre kjernesaker som skapte stort engasjement blant ungdomane. Kollektivtransport, barn og unges psykiske helse og møtestad for ungdom er saker som samtlege råd i regionen jobbar med.
Giske ungdomsråd har nyleg konstituert seg for 2024 og består av følgjande:
Alida Brandshaug - leiar
Teodor Dyb - nestleiar
Lisa Marie Nikolaisen Roald - medlem
Erle Farstad - medlem
Samuel Olai Godø Alnes - medlem
Birk Blindheim Ullaland - medlem
Madelen Wiik - medlem
Julia Chantelle Klokk Eidskrem - medlem
Aurora Koblischke - medlem
Millian Vindvik Nordstrand - medlem
Sofia Madrigal Valderhaug - vara
Sist endra 02.02.2024 13.32