Kommunalt næringsfond

Giske kommune har for tida to aktive næringsfond:  Hoppid-fond for etablerarar samt Fylkeskommunalt næringsfond for bedrifter og etablerarar. 

Næringsfonda i Giske har slike føremål:

  • Hoppid-fond for etablerarar i startfasen: Til marknadsavklaring. 
  • Fylkeskommunalt næringsfond for bedrifter og etablerarar: Styrkje nyskaping, innovasjon og næringsutvikling.

For å søkje må du ha ein forretningsplan og budsjett som gjev ei oversikt over kva du vil lage/ tilby, inntektsgrunnlag, kostnader og finansiering. Vi vil gjerne ha ein samtale om hva du ønskjer å starte opp med, før du sender inn søknaden.

Søknadsskjema for hoppid-fondet i Giske ligg på Søknadssenteret under Næring  > Søknad om tilskot frå næringsfondet.

Reglar og søknadsskjema for fylkeskommunalt næringsfond ligg på nett her.