IT'S ALL LOVE!

Lyd- og lys Valderøy med storslått 7-årsjubileum 15. juni 2024.

Lyd og lys saman med Zeke Locke Ingvild Nautvik

 

Det er no 7 år sidan gruppa starta opp, og det feirast med festivalen “It's all love!”, laurdag 15. juni kl. 1800 på Valderøy barneskule. Med seg på laget har dei Chicago-artisten Zeke Locke, i tillegg til andre lokale, regionale og nasjonale aktørar innan musikk, kultur og UKM.
Fredag 14. juni fekk alle barneskuleelvane på Valderøya og ungdomskulen ein smakebit av feiringa, med song, dans og musikk frå ulike musikkprosjekt frå skuleåret som snart er over.

 

 

Lyd og lys Valderøya

Lyd og lys Valderøya er ein organisasjon der barn og unge heilt frå barneskulealder får engasjere seg og lære om lyd- og lysteknikk, kamera og anna sceneproduksjon. Aktivitetane har sprunge ut frå Valderøy barneskule, men i år har dei også etablert seg som ei eiga stifting.

Stiftinga har blitt til ein sentral aktør i kulturlivet i Giske kommune. Med sitt prinsipp om lavterskeltilbod og inkludering på høgt nivå er dei ein våre viktigaste bidragsytarar mot utanforskap blant ungdomane vår. 

UKM festival i Bodø 21. - 26. juni
 

To av dei engasjert ungdomane har no også blitt plukka ut av UKM Møre og Romsdal til å representere fylket i den internasjonale UKM-festivalen som føregår i Bodø 21.-26. juni - Birk Blindheim Ullaland og Teodor Godø Sæther Dyb. Dei gler seg både til å få reise og oppleve festivalen, men også å kome tilbake til resten av "lyd og lys" og dele alt dei har lært og opplevd.

 

Giske kommune ønsker Lyd og Lys Valderøya ei strålande fin feiring og ein god og kulturfylt sommar!