Høyring - Friluftslivets ferdselsårer 2024-2036

Giske formannskap vedtok 26. august 2024 å legge ut Plan for friluftslivets ferdselsårer 2024-2036 på høyring. 
Høyringsfristen er sett til 1. november 2024. 

Kystlynghei Giske kommune

Viser til F-sak 075/23 frå 6. juni 2023 om å utarbeide ein plan for friluftslivets ferdselsårer i Giske kommune. Målet med ein slik plan er å identifisere, ivareta og utvikle ferdselsårer i kommunen for å sikre og vidarutvikle eit attraktivt tilbod til innbyggarane med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv, jf. kommuneplanens samfunnsdel.

Plan for friluftslivetsferdselsårer 2024 - 2036 – høyringsforslag (PDF, 3 MB)

Kartvedlegg:

Plan for friluftslivets ferdselsårer (PFF) - Giske og Valderøya_31.07.2024_m.koder (1) (PDF, 2 MB)

Plan for friluftslivets ferdselsårer (PFF) - Godøya_07.08.2024_m.koder (1) (PDF, 721 kB)

Plan for friluftslivets ferdselsårer (PFF) - Vigra_31.07.2024_m.koder (1) (PDF, 1016 kB)

Planen skal greie ut no-situasjon og skissere tiltak for å ivareta og utvikle ferdselsårene i tråd med måla som er satt for planarbeidet. Ein ferdig plan skal også innehalde kart med ferdselsårer og turruter som er relevant for planarbeidet, og informasjon om og skildring av ferdselsårene og målpunkta.

Målet er at planen både kan brukast som ein rettleiande plan i kommunens og friluftsorganisasjonar sitt arbeid, men også brukast av innbyggarar som ønsker informasjon om våre ferdselsårer.

Høyringsforslaget vert sendt ut til relevante organisasjonar, samt grunneigarar som ligg innanfor dei registrerte ferdselsårene. 

Alle er velkomne til å sende inn uttale til post@giske.kommune.no