Utbyggingsplan (bebyggelsesplan) - privat

Beskriving

Utbyggingsplan kan fremjast av ein privat forslagsstillar. Utbyggingsplanar fastlegg arealbruk og utforming av bygningar, anlegg og tilhøyrande uteareal for eit avgrensa område. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen lagast, og kan klage på vedtak av planen. Kunngjering:

  • Den som utarbeider planen, skal sørgje for offentleg kunngjering av at det blir utarbeidd ein plan, og kva han vil innebere (i minst to aviser)
  • Kommunen legg planen ut til offentleg ettersyn
  • I begge tilfella blir grunneigarar og rettshavarar skriftleg informerte dersom det er mogleg.

Omfattar planen område som alt er utbygde, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Kriterium

Utbyggingsplanar blir utarbeidde for område i kommunen når det i arealdelen av kommuneplanen eller i reguleringsplanen er stilt krav om ein slik plan for utbygging. Utbyggingsplanar kan òg gjelde endring av tidlegare vedtatte utbyggingsplanar.

Handsaming

Når planen er utarbeidd, avgjer kommunen om saka skal ut til offentleg ettersyn (i minst to aviser). Frist for merknader er 30 dagar. Fråsegner og innvendingar følgjer saka til politisk behandling, og kommunen gjer endeleg vedtak. (Merk at dersom planen inneber større endringar som det kjem innvendingar mot frå nabokommunar osb., blir planen behandla som reguleringsplan i kommunestyret.) Vedtaket blir kunngjort offentleg med informasjon om klagehøve og opplysning om korleis eventuelle erstatningskrav skal fremjast. Grunneigarar og rettshavarar skal bli varsla med brev dersom det er mogleg.

Søknadsfrist

Sakene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

  • Det endelege vedtaket i kommunen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klagen skal stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen, som kan revurdere saka eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
Kommunen vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klagar osb.

Vedlegg

Dokumentasjon kan vere
  • plankart og ev. avgjerder for formålet
  • omtale
  • teikningar
  • utgreiingar etter kommunale føresegner
  • konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova når det er relevant for saka
Kommunen opplyser om kva som skal vere med av dokumentasjon. Dokumentasjonen skal følgje planen ved offentleg ettersyn og ved politisk behandling i kommunen.

Rettleiing

Før planlegginga blir sett i gang, bør forslagstillaren (-ane) ta opp saka med kommunen, som kan gje råd om planen bør utarbeidast, konsekvensar for gjeldande regulerings- og utbyggingsplanar og saksgang osv. etter plan- og bygningslova.

Brosjyrar

Kart og data/geodata tingar du frå kommunen.

Oppdatert

03.07.2009 12.52.42

Handsamingstid

Tida avheng av kor kompleks saka er.