Utbyggingsplan (bebyggelsesplan) - offentleg

Beskriving

Kommunen kan utarbeide og vedta utbyggingsplanar som fastset arealbruk og utforming av bygningar, anlegg og tilhøyrande uteareal for eit avgrensa område. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir laga, og kan klage på vedtak av planen. Kommunen skal difor

  • offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan og korleis medverknad ev. skal skje
  • leggje planen ut til offentleg ettersyn
  • i begge tilfella informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg

Omfattar planen område som alt er utbygde, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Kriterium

Utbyggingsplanar blir utarbeidde for område i kommunen når det i arealdelen av kommuneplanen eller i reguleringsplanen er stilt krav om ein slik plan for utbygging. Utbyggingsplanar kan gjelde endring av tidlegare vedtatte utbyggingsplanar. For å kunne gjennomføre utbygging, kan det i planen gjerast utfyllingar og endringar i reguleringsplanar og arealdelen i kommuneplanen når dette er innanfor ramma av desse planane. Dersom planen inneber større endringar i forhold til arealplan og reguleringsplan, skal han leggjast fram for nabokommunar, fylkeskommunen og statleg fagmynde.

Handsaming

Når planen er utarbeidd, avgjer kommunen om saka skal ut til offentleg ettersyn (i minst to aviser). Fråsegner og innvendingar følgjer saka til politisk behandling, og kommunen gjer endeleg vedtak. (Merk at dersom planen inneber større endringar som det kjem innvendingar mot frå nabokommunar osb., blir planen behandla som reguleringsplan i kommunestyret.) Vedtaket blir kunngjort offentleg med informasjon om klagerett og opplysning om korleis eventuelle erstatningskrav skal fremjast. Grunneigarar og rettshavarar varslast med brev dersom det er mogleg.

Klage

  • Det endelege vedtaket i kommunen kan påklagast til Fylkesmannen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen, som kan revurdere saka eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjering.
Kommunen vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klager o.a.

Rettleiing

Fleire opplysningar i tillegg til kunngjering i medium får du ved å vende deg til kommunen, som også kan hjelpe med å utforme merknader eller klagar.

Brosjyrar

Dokumentasjon med plankart og ev. føresetnader for formålet, omtale, teikningar o.a. følgjer saka ved offentleg ettersyn.

Oppdatert

03.07.2009 12.52.04

Handsamingstid

Tida avheng av kor kompleks saka er.