Tekniske hjelpemiddel - utlån

Beskriving

Er du funksjonshemma eller har du vore operert eller utsett for skade eller sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Kriterium

Du har nedsett funksjonsevne for ein kortare eller lengre periode.

Pris

Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekte av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.

Handsaming

Kommunen kartlegg hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. For tildeling av hjelpemiddel til varig bruk blir det gjort eit vedtak etter folketrygdlova. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt hjelpemiddelet eller ikkje. Dersom du får avslag, skal du samtidig ha ei grunngjeving for avslaget.

Klage

Du kan klage på avslag om å få tildelt tekniske hjelpemiddel til varig bruk innan ein frist på seks veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket. I klagen skal du føre opp kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom Hjelpemiddelsentralen lèt avgjerda stå, blir saka send vidare til Nav Klageeining, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Det er kommunen du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommunen. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommunen for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Oppdatert

01.03.2018 12.48.04

Handsamingstid

Kommunen / Nav Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.