Svangerskapsomsorg

Beskriving

Er du gravid, kan du få svangerskapskontroll på helsestasjonen. Ta kontakt med helsestasjonen du høyrer til for å tinge time. 

Svangerskapskontrollen skal bidra til å gje deg god helse under svangerskapet. Du kan òg få rådgjeving knytt til samliv og til foreldrerolla. Foreldreførebuande kurs skal styrkje foreldra sine kunnskapar og tryggleik om graviditet, fødsel og barselstid.

Målgruppe

Gravide

Kriterium

Graviditet

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Oppdatert

06.05.2019 11.52.58