Støttemur

Beskriving

Dersom du ønskjer å setje opp ein mindre støttemur, treng du vanlegvis ikkje sende inn melding eller søknad til kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad. Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørt av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Tomteeigarar eller tomtefestarar

Kriterium

Generelle vilkår:

  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
  • Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
  • Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Særskilde vilkår:

  • Støttemuren må oppfylle alle relevante byggtekniske krav, slik som trygging mot fallulukker (gjerde)
  • Mur på inntil ei høgd på 1,0 meter må vere minst 2,0 meter frå nabogrensa
  • Mur på inntil ei høgd på 1,5 meter må vere minst 4,0 meter frå nabogrensa
  • Støttemuren må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg

Støttemur mot veg er søknadspliktig og kan krevje dispensasjon frå byggeliner, frisikt, osb.

Klage

Naboar og andre involverte kan ikkje klage på tiltak som er unntatt søknadsplikt. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Du eller naboane kan klage på vedtaket frå denne behandlinga. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Du treng ikkje sende søknad eller melding til kommunen dersom støttemuren samsvarar med vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at tiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Oppdatert

26.03.2012 10.37.42