Når du skal søkje om stønad frå portalen regionalforvalting.no. må du alltid ha med desse opplysingane:
Opplysingar om søkjar
a) namn og organisasjonsnummer til den ansvarlege prosjekteigaren.
b) den som er kontaktperson.
Økonomi
c) Kva tilskotssum det blir søkt om.
d) Budsjett med ein finansieringsplan.
e) Om søkjar på søknadstidspunktet har motteke annan offentleg stønad det inneverande året og dei to siste rekneskapsåra, jf. reglane om offentleg stønad. Bagatellmessig stønad utgjer 200 000 euro fordelt over tre samanhengande rekneskapsår.
Omtale av tiltaket og forventa resultat
f) Tiltaket du søkjer om tilskot til, medrekna mål og målgruppe.
g) Framdriftsplanen for aktivitetar.
h) Organiseringa av tiltaket, medrekna eventuelle samarbeidspartnarar og kva rollar dei skal ha.
i) Om tiltaket har forankring i kommunale eller fylkeskommunale planar.
j) Resultatene søkjer forventar å oppnå ved avslutninga av tiltaket.
k) Forventa, langsiktige effektar av tiltaket etter at det er avslutta. Dette gjeld berre for tilskot på minimum 500 000 kroner etter § 1a.
I tillegg skal søknaden opplyse om andre forhold som søkjaren bør forstå er viktig for vurdering av søknaden