Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

Beskriving

Dersom du meiner at du ikkje får eit tilfredsstillande utbyte av det vanlege, tilpassa opplæringstilbodet for vaksne på grunnskuleområdet, har du rett til spesialundervisning.

 Det kan til dømes vere dersom du

  • er eller har vore sjuk eller skadd
  • har særleg behov for å meistre daglege gjeremål
  • treng grunnleggjande kommunikasjonsdugleik
  • treng grunnleggjande lese- og skriveopplæring 
  • treng motorisk trening

Pris

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli ‪teken til følgje.

Rettleiing

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om spesialundervisninga.

Oppdatert

25.06.2019 13.27.14

Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.