Sosialtenester for innsette i fengsel

Beskriving

Innsette i fengsel kan søkje sosialtenesta i den kommunen dei haldt til i før innsetting, om  økonomisk sosialhjelp og andre tenester. Det er ein føresetnad at ein først undersøkjer om fengselsvesenet kan dekkje det behovet ein har. Pårørande kan få dekt reiseutgifter til fengselsbesøk dersom dei ikkje har pengar til å dekkje det sjølve. Når den innsette er sett fri, kan han/ho søkje tenester i den kommunen han/ho vel å bu i. Tenesta kan omfatte økonomisk rådgjeving og stønad til utgifter som

  • klede
  • briller og andre hjelpemiddel 
  • tannhelseteneste
  • kost og losji under permisjonar

Ved lauslating kan sosialtenesta tilby

  • klede og sko
  • midlertidig husvære
  • hjelp til meir permanent etablering

Kriterium

Tenestene blir tildelte etter ein individuell vurdering.

Handsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. 

Rettleiing

Du kan vende deg til den kommunen du budde i før arrestasjonen. Dersom du ikkje hadde opphald i Noreg da du blei arrestert, kan du vende deg til arrestasjonskommunen. 

Oppdatert

29.09.2017 16.18.57

Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.