Smittevern i skolen under covid-19-utbruddet

Beskriving

Smittevernstiltak for covid-19

Prinsippa for smitteførebygging i skulen er:
  • sjuke personar skal ikkje vere i skulen
  • god hygiene
  • redusert kontakt mellom personar

Om sjukdom i skulen

Elevar skal kome på skulen

  • når dei ikkje har symptom på sjukdom
  • ved gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan elevar kome tilbake etter at dei har vore symptomfrie i 1 døgn
  • dersom ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje har påvist covid-19
  • dei har kjend pollenallergi med typiske symptom
  • dei har rennande nase utan andre symptom på luftvegsinfeksjon.
Elevar kan ikkje kome på skulen når:
  • dei har luftvegssymptom eller sjukdomskjensle, sjølv milde symptom
  • dei har stadfesta covid-19-infeksjon
  • dei er i husstanden til ein med stadfesta covid-19. Dersom nokre i husstanden er stadfesta smitta, skal eleven vere i karantene.
Når sjukdom oppstår på skulen/SFO
Elevar som får symptom på luftvegsinfeksjon må gå heim eller bli henta såg fort som mogeleg. Dei bør ikkje ta offentleg transport. Elevar som må hentast vil vente på eit eige rom eller ute, saman med ein tilsett.
Føresette
Føresette som er i karantene eller har symptom, skal ikkje følgje eller hente på SFO
Tilsett
Tilsett i skulen har dei same restriksjonane som elevane.

Om hygiene i skulen

Handhygiene

Tilsett og elevar vaskar hender ofte og grundig i minst 20 sekund. Hendene blir tørka med tørkepapir.
Elevane skal vaske hender
  • før ein dreg heimanfrå og når ein kjem heim
  • når ein kjem til skule/SFO
  • etter hosting/nysing
  • etter toalettgjesting
  • før og etter måltid
  • etter ein kjem inn frå uteaktivitet/friminutt
  • ved synleg skitne hender.
Handdesinfeksjon blir plassert på stader der det ikkje er mogeleg å vaske hender (for eksempel i garderoben).
Hostehygiene
Elevar blir oppfordra til å hoste eller nyse i olbogekroken og til å unngå å røre ansiktet eller auga sine.
Reinhald
Under covid-19-utbrotet vil det vere forsterka reinhald i skulen. Utsette stader som får forsterka reinhald er
  • toalett og vaskeservantar
  • spisebord
  • dørhandtak, trappegelender, stolar og bordflater
  • leikar, sportsutstyr, nettbrett, tastatur.

Redusert kontakthyppigheit

Kvar skule gjer lokale tiltak for å redusere nærkontakt mellom elevane og mellom dei yngste elevane og tilsett. Eksempel er

  • så lite fysisk kontakt som mogeleg
  • etablering av faste grupper
  • bruke store lokale dersom mogeleg
  • minst mogeleg byte av rom
  • faste pultar og eteplassar
  • auka bruk av uteskule
  • spreidde oppmøtestader
  • ulike tidspunkt for friminutt
  • redusere deling av mat, skrivesaker, nettbrett og anna materiell.

Målgruppe


Kriterium


Pris


Handsaming


Søknadsfrist


Klage

Dersom du er misfornøgd med smittevernet, hygienen eller reinhaldet til skulen kan du klage direkte til skulen sin leiing. Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen. Dersom kommunen avviser meldinga eller kjem fram til at det ikkje er grunt til å gi pålegg om retting til skulen, kan du fremje ein formell klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket frå kommunen.
Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta.

Vedlegg


Rettleiing


Brosjyrar


Oppdatert

11.05.2020 10.36.20

Handsamingstid


Mottakar