Skatteattest

Beskriving

Du treng skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt) eller tinge han frå Altinn (sjå lenkja nedanfor). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten blir sendt til deg innan to arbeidsdagar etter at tinginga er teken imot.

Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune til ei verd over 500 000 kroner eks mva. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å stå fram som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.

Oppdatert

29.09.2017 16.10.47