Sjølvbyggjar

Beskriving

Ønskjer du å byggje din eigen garasje, heilårs- eller fritidsbustad, eit uthus eller eit tilbygg? Det er mogleg å søkje om godkjenning som sjølvbyggjar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggjetiltak som etter lova skal vere ansvarsbelagt. Du må kunne sannsynleggjere at du har tilstrekkelige kunnskapar og erfaring for dei delane av byggjetiltaket du ønskjer å gjere sjølv. Godkjenning som sjølvbyggjar er ikkje til hinder for at du får hjelp av fagkyndige medhjelparar eller eit firma, men du vil sjølv vere ansvarleg for at plan- og bygningslova med underliggjande regelverk blir følgt innanfor godkjenningsområdet ditt.

Personleg godkjenning kan ein gje for funksjonane ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande. Du kan berre få godkjenning som sjølvbyggjar for arbeid av låg kompleksitet og vanskegrad (tiltaksklasse 1). Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, medan du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.

For dei tiltaka der lova stiller krav om kontroll, må kontroll gjennomførast av eit uavhengig føretak.

Kriterium

Har du generell bygningsteknisk utdanning og praksis, så bør du kunne bli godkjend. Andre forhold som det kan bli lagt vekt på, er om du tidlegare har vore med på oppføring av byggverk eller delteke på relevante kurs.

Byggjetiltaket kan vere

  • Einebustad (i særskilte tilfelle)
  • Delar av bustad
  • Grunnmur
  • Innvendige arbeid

Tiltaket må vere til eige bruk. Tomannsbustad eller rekkjehus er ikkje omfatta.

Pris

Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Vedlegg

Dokumentasjon på erfaring og kompetanse

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket.

Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. 

Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).

Oppdatert

28.11.2018 10.08.54

Handsamingstid

Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden.

Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.