Restskatt - betaling og innkrevjing

Beskriving

Restskatt oppstår som regel fordi inntekta blei høgare enn forventa. Han må betalast sjølv om du klagar på oppgjeret. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnkrevjing og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du er usamd i skatteoppgjeret, sender du klage til skattekontoret. Dette kan gjerast elektronisk. Fristen for klage på skatteoppgjeret er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagd ut. Når du har levert skattemelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, er fristen for klage 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

Målgruppe

Personar som har fått restskatt ved skatteoppgjeret

Oppdatert

29.09.2017 15.54.01