Reguleringsplan - privat

Beskriving

Når grunneigarar, rettshavarar eller andre interesserte ønskjer å fremje ein privat reguleringsplan, skal kommunen 

  • vurdere om arbeidet med forslag til reguleringsplan skal setjast i gang
  • hjelpe til med å utarbeide planen
  • behandle planen

Forslaga kan gjelde regulering av ulike formål i uregulert område eller omregulering av formål.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Kriterium

Før planlegginga setjast i gang, bør forslagstillaren (-ane) leggje fram reguleringsspørsmålet for kommunen. Kommunen kan gje råd om planen bør utarbeidast. Arbeidet med ein slik plan forutset fagleg ekspertise, medverknad frå involverte, og kunngjering etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Handsaming

Kommunen skal behandle saka på politisk nivå. Forslagsstillaren er ansvarleg for å kunngjere oppstart av planarbeidet. Når reguleringsplanen har vore til offentleg ettersyn, blir han behandla politisk, deretter går han vidare til kommunestyret, som gjer vedtak i saka (forutsett at saka blir fremja for kommunestyret). Kommunen sitt vedtak skal kunngjerast. Dersom ein ikkje finn grunn til å fremje reguleringsforslaget for kommunestyret, blir forslagsstillaren underretta skriftleg. Dersom avslaget gjeld eit uregulert område eller ei vesentleg endring av gjeldande reguleringsplan, kan forslagsstillaren krevje at saka blir lagt fram for kommunestyret.

Klage

  • Du kan klage på det endelege vedtaket til kommunen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare (gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan). Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast kommunen. Kommunen kan revurdere saka eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
Kommunen vil kunne gje råd ved utforming av merknader, klagar osb.

Vedlegg

Dokumentasjon kan vere
  • plankart 
  • omtale
  • teikningar
  • utgreiing etter kommunale føresegner
  • konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova når det er relevant for saka

Rettleiing

Kommunen vil kunne gje deg råd om arbeidet skal setjast i gang og kan hjelpe til i planlegginga. Du vil få opplysningar om kva som skal vere med av dokumentasjon. Dokumentasjonen skal følgje planen ved offentleg ettersyn og ved framlegginga i kommunestyret.

Brosjyrar

Kart og data/geodata kan du tinge frå kommunen.

Oppdatert

07.03.2012 13.32.14

Handsamingstid

Så kort som mogleg og innan tolv veker. Forslagsstillaren og kommunen kan bli samde om ein annan frist dersom forslaget er omfattande.