Reguleringsplan - offentleg

Beskriving

Du har rett til å uttale deg når kommunen lager ein reguleringsplan, og du kan klage på kommunen sitt vedtak av planen. Kommunen skal difor

  • offentleg informere om at det skal utarbeidast ein plan, og om korleis medverknaden ev. skal vere
  • leggje planen ut til offentleg ettersyn
  • i begge tilfella informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg

Ved regulering og omregulering av område som er utbygde frå før, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå involverte enkeltpersonar og grupper.

Ein reguleringsplan blir laga for å vise utnytting og vern av grunn, vassdrag, sjøområde og utbygde område i kommunen. Reguleringsplanen kan omfatte eitt eller fleire føremål, t.d. byggjeområde, landbruksområde og friområde.

Målgruppe

Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre involverte

Kriterium

Reguleringsplanar blir utarbeidde mellom anna

  • når kommunen har vedtatt det i arealdelen i kommuneplanen
  • når det er nødvendig for oversiktsplanlegginga i kommunen
  • dersom det skjer endringar i bygningsmassen pga. øydeleggingar (t.d. brann)

For større byggje- og anleggsarbeid har kommunen ei plikt til å utarbeide reguleringsplan for området. Overordna planar på nasjonalt nivå, fylkesplan og kommunen sin eigen arealplan er retningsgivande for planen.

Handsaming

Kommunen har ansvar for at det blir laga utkast til reguleringsplan. Planen blir utarbeidd av fagkunnige og i samråd med samarbeidspartar og involverte. Kommunen avgjer når saka skal ut til offentleg ettersyn (i minst to aviser). Grunneigarar og rettshavarar skal informerast skriftleg dersom det er mogleg. Fråsegner og innvendingar følgjer saka til endeleg behandling i kommunestyret, som gjer vedtak. Kommunestyret skal gjere vedtaket seinast tolv veker etter at planforslaget er ferdigbehandla. Vedtaket blir kunngjort offentleg med informasjon om klagehøve og opplysning om korleis eventuelle erstatningskrav skal fremjast.

Klage

  • Både partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket til kommunen. Klagen må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klagen kan ikkje gjelde forhold som har vore avgjort tidlegare (gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan.) Klagen stilast til Fylkesmannen og sendast til kommunen. Kommunestyret kan endre vedtaket eller sende klagen til Fylkesmannen, som avgjer saka. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg.
  • Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.

Vedlegg

Dokumentasjon med plankart og ev. fastsetjing for formålet, omtale, teikningar m.m. følgjer saka ved offentleg ettersyn.

Rettleiing

Fleire opplysningar i tillegg til kunngjering i media kan du få ved å vende deg til kommunen, som også vil kunne hjelpe deg med å utforme merknader eller klagar.

Oppdatert

03.07.2009 12.34.44

Handsamingstid

Tida avheng av kor kompleks saka er.