Reduksjon eller fritak for skatt

Beskriving

Som hovudregel skal alle betale den skatten som er fastsett. I visse tilfelle kan du søkje om å få utsett betalinga, få redusert skatten eller sleppe å betale skatt.

Målgruppe

Skattepliktige som ikkje er i stand til å betale heile eller delar av den skatten dei skuldar.

Kriterium

Du kan få utsett innbetaling av skatte- og avgiftskrav dersom du er mellombels ute av stand til å betale skatten. Årsaker kan vere dødsfall eller alvorleg sjukdom. Skattekravet kan bli sett ned eller fråfalle dersom betalingsevna di er varig svekt.

Handsaming

Skatteutvalet avgjer ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld summar over kr 200 000, har skattekontoret avgjerdsmyndet. Skatteoppkrevjaren kan avgjere søknader om ettergjeving/nedsetjing som gjeld forseinkingsrenter på inntil kr 50 000.

Klage

Det er ikkje høve til å klage over vedtak som er gjort av skatteutvalet. For vedtak som er gjort av skatteoppkrevjar eller skattekontor, kan du klage til overordna organ etter reglane i forvaltningslova. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst eller at situasjonen har endra seg.

Vedlegg

Kopi av skattemelding for dei siste to åra, eventuelt siste skjønnsfastsetjing

Rettleiing

Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Den skal innehalde

  • namn
  • stilling
  • sivilstand
  • inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
  • kor mange som blir forsørgja og alderen deira
  • opplysning om skatten er basert på skattemelding eller skjønnsfastsetjing
  • kva for krav som blir søkt ettergjevne
  • opplysning om eventuell sjukdom
  • melding om faste utgifter
  • grunngjeving for søknaden

Alle opplysningane bør vere dokumenterte.

Oppdatert

29.09.2017 15.51.06