Publisering av saksdokument på Internett

Beskriving

Som innbyggjar og brukar av offentlege tenester kan du lese sakslista for eit politisk utval, søknader, avslag og andre sakspapir frå ein PC der du måtte ønskje. Dette er eit ledd i informasjonsstrategien til forvaltninga der Internett i aukande grad blir nytta til å publisere saksdokument. Ein kan ikkje publisere dokument som er unnateke offentleggjering, eller som inneheld sensitive personopplysningar eller fødselsnummer.

Kommunen må gjere ei konkret vurdering der ein set omsynet til offentleggjering opp mot personvernet før ein publiserer dokumenta. 

Målgruppe

Innbyggjarar og brukarar av offentlege tenester

Kriterium

Det er høve til å publisere:

  • Offentlege journalar (med opplysningar om kven som har kome med ein førespurnad om ei bestemt sak)
  • Dokument som ikkje er unnateke offentleggjering og der omsynet til personvernet ikkje talar mot publisering

Dokument til og frå offentlege etatar, næringsdrivande o.a. inneheld sjeldan personopplysningar som skulle føre til at ein ikkje kan publisere desse på Internett. Når det gjeld dokument som inneheld opplysningar om meir private forhold, er det personopplysningslova som set grensene for kva kommunen kan publisere.  

Sensitive personopplysningar (som etnisk bakgrunn, politisk eller religiøs oppfatning og helseforhold) er ofte omfatta av teieplikta, og ein vil derfor ikkje kunne publisere slike utan samtykke. Det same gjeld andre personopplysningar som ikkje er underlagt teieplikt, men der den det gjeld, vil kunne kjenne det tyngjande dersom dei blir offentleg kjende. Dette kan for eksempel gjelde opplysningar om utdanning og yrkeserfaring. Ein kan ikkje publisere fødselsnummer på Internett.

Klage

Ved brot på regelverket kan du klage til kommunen. Du kan også klage til Datatilsynet. Etter personopplysningslova § 49 kan kommunen vere erstatningspliktig der det har blitt gjort skade.

Oppdatert

01.03.2018 12.26.51