PP-tenesta

Beskriving

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal gjere ei fagleg vurdering - ei såkalla sakkunnig vurdering. Vurderinga skal vise om barnet treng spesialpedagogisk hjelp og vil foreslå eit tilbod for barnet, foreldra eller barnehagen.
 
Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part.
 
PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:
  • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
  • Spesialpedagogisk hjelp
  • Spesialundervisning
  • Fritak frå opplæring
  • Punktskriftopplæring
  • Teiknspråkopplæring
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
  • Inntak til særskilt utdanningsprogram i vidaregåande
  • Utvida opplæringstid i vidaregåande skule

Målgruppe

Born, ungdom og elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Kriterium

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Handsaming

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om spesialundervisning o.a.

Søknadsfrist

Tilvisingar blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Rettleiing

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Oppdatert

28.05.2018 20.15.36

Handsamingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.