Ordensreglement i den vidaregåande skulen

Beskriving

Fylkeskommunen skal gje forskrifter om ordensreglement for vidaregåande skular. Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Reglementet skal innehalde reglar om framferd og tiltak og framgangsmåte ved brot på reglementet. Reglar om bortvising må vere gjevne i ordensreglementet for å kunne nyttast som reaksjonsform. Ved særleg alvorlege tilfelle kan eleven bli bortvist for resten av skuleåret eller miste retten til vidaregåande opplæring. Dei to sistnemnde sanksjonane kan brukast utan å vere tekne med i ordensreglementet.

Sanksjonar som ikkje går fram av ordensreglementet, kan elles ikkje nyttast. Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må uansett ikkje bli nytta.

Målgruppe

Elevar i vidaregåande skule og deira føresette

Kriterium

Før det blir gjort eit vedtak om bortvising eller ei anna form for refsing, skal eleven ha høve til å uttale seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Før rektor sjølv vedtek bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven.

Vedtak om bortvising for resten av skuleåret eller vedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring blir gjort av fylkeskommunen. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte først.

Klage

Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, som vedtak om bortvising for éin dag eller meir og tap av rettar. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen sender du til den som har gjort vedtaket. Klagefristen er tre veker etter at melding om vedtaket er teke imot. I klagen skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.

Klageinstans er fylkestinget eller særskild klagenemnd oppnemnd av fylkestinget. For vedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring er Fylkesmannen klageinstans. Før klage blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Oppdatert

01.12.2015 10.27.45