Opplæring for bebuarar i asylmottak

Beskriving

Dersom du er asylsøkjar og bur i mottak kan du få tilbod om opplæring i norsk språk, norsk kultur og norske verdiar. Opplæringa består av 175 timar med norsk språk og 50 timar med opplæring i kultur. Du pliktar å delta i opplæringa.
 
Dersom du seinare blir busett i ein kommune, vil du få tilbod om introduksjonsprogram.

Målgruppe

Asylsøkjarar over 16 år som bur i mottak og som ikkje har fått endeleg vedtak om opphald.

Kriterium

Du vil ikkje få tilbod om opplæring dersom
  • du er omfatta av 48-timars-prosedyren
  • du er omfatta av Dublin-prosedyren
  • du er over 18 år og har blitt nekta realitetsbehandling av søknad om opphaldsløyve
  • du har fått vedtak på asylsøknaden din. 

Pris

Tenesta er gratis.

Klage

Du kan klage på vedtak om
  • avslag på søknad om fritak
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen sitt vedtak, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Oppdatert

07.09.2018 15.33.56

Handsamingstid

Kommunane skal i samarbeid med asylmottaket tilby asylsøkjarar opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar så snart som mogeleg etter at dei er komne til mottaket.