Nabovarsel - byggjesak

Beskriving

Når eit byggjetiltak skal setjast i verk, har naboar og tverrbuarar krav på å bli varsla om det tiltaket som skal setjast i gang. Dei får på den måten høve til å komme med merknader/protestar før tiltaket blir starta. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, er det du som tiltakshavar (byggherre) som sørgjer for nabovarsel. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), er det firmaet som sørgjer for nabovarsel.

Dersom naboeigedommen er eit sameige eller eit burettslag, er det normalt nok at styret får nabovarsel. Dersom du skal søkje om å rive, må dei som ev. har pant eller andre hefte i eigedommen, òg bli varsla. Naboane må få melding om at eventuelle merknader må vere komne til deg eller firmaet innan ein frist på to veker etter at nabovarselet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg. Nabovarselet er gyldig i eitt år. Søkjer du først etter det, må du varsle naboane på nytt.

Kommunen kan frita deg frå varsling eller utvide varslingsplikta, avhengig av tiltaket.

Nabovarsel er ikkje nødvendig der eit bygg er skada i brann, flaum eller anna akutt hending.

Målgruppe

Tiltakshavar (byggherre) eller firma (ansvarleg søkjar)

Kriterium

Nabovarselet skal innehalde så omfattande opplysningar at naboar eller tverrbuarar (eventuelt også andre) kan vurdere om tiltaket påverkar interessene deira. Det skal gå fram om tiltaket krev dispensasjon frå føresegner i plan- og bygningslova. Dersom tiltaket du søkjer om fører til endra bruk, må nabovarselet opplyse om den tidlegare bruken. Varslinga må vere gjennomført før søknaden blir sendt. Dette kan du gjere på to måtar:

  • Naboen kvitterer direkte på varselet
  • Du sender varselet til naboen i rekommandert sending og får ei kvittering frå Posten

Vedlegg

  • Teikningar
  • Situasjonskart 
  • Andre opplysningar som kan gjelde interessene til naboen/tverrbuaren

Oppdatert

28.11.2018 10.11.33