Miljøinformasjon

Beskriving

Du kan krevje å få utlevert den miljøinformasjonen som finst i kommunen. Retten gjeld opplysningar om det ytre miljøet og om tilhøve som kan påverke miljøet eller helsa. Det ytre miljøet inkluderer kulturminne og kulturmiljø. Miljøinformasjon kan vere:

  • tiltak som er i gang
  • vedtak og planar
  • analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader

Målgruppe

Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.

Kriterium

Krav om miljøinformasjon kan fremjast skriftleg eller munnleg. Du må ikkje dokumentere eit særskilt behov for å ha krav på informasjon. Kravet må vere formulert slik at det er mogleg å identifisere kva det gjeld. Omsynet til andre samfunnsinteresser (t.d. forretningsløyndomar) kan føre til at du får avslag. Du har likevel alltid krav på informasjon om

  • helseskadeleg forureining 
  • forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet
  • rådgjerder mot slike skadar
  • ulovleg inngrep eller skadar på miljøet

Klage

Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du tok imot avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du òg klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klagen sender du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klagen til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klagen til følgje. For kommunen sin del er dette Fylkesmannen.

Oppdatert

28.02.2018 17.52.55

Handsamingstid

Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er teke imot. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.