Meldeplikt for verksemder som kan påverke helsa

Beskriving

For å sikre befolkninga mot faktorar i miljøet som kan verke negativt inn på helsa, har visse typar verksemder meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege utvidingar eller endringar. Meldinga bør innehalde ei kortfatta oversikt over positive og negative miljøforhold som kan verke inn på helsa. Desse har meldeplikt:
  • asylmottak       
  • hospits
  • campingplassar og liknande
  • undervisningslokale og andre forsamlingslokale
  • verksemder som slepp ut avløpsvatn
  • verksemder som har kjøletårn og liknande innretningar
  • badeanlegg, inkludert boblebad, som er tilgjengeleg for allmenta
  • frisør- og hudpleieverksemder

Meldeplikta har heimel i lov om folkehelsearbeid § 10.

Handsaming

Når du sender melding, inneber ikkje det at kommunen gjer eit vedtak. Men dersom meldinga avdekkjer forhold som er i strid med krava til helsesam forsvarleg drift, kan kommunen gje pålegg om konsekvensutgreiing, retting, tvangsmulkt eller stansing av verksemda. Kommunen vil utøve eit fagleg skjønn. Det må vere eit fornuftig forhold mellom nytte og kostnad ved eit pålegg. 

Klage

Du kan klage på vedtak om pålegg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Oppdatert

29.09.2017 11.53.03