Kvalifiseringsprogram

Beskriving

Kvalifiseringsprogrammet er eit tilbod frå Nav for deg som ønskjer å kome i arbeid, men treng ekstra oppfølging for å klare det. Du vil få tett oppfølging og rettleiing og vil få høve til å forme programmet etter kva du kan og kva du ønskjer. Både arbeidstrening og opplæring er del av tilbodet. Programmet kan vare i opptil 2 år. Mens du deltek i programmet, får du kvalifiseringsstønad. Du har rett til individuell plan.

Målgruppe

Personar som treng tett og koordinert oppfølging over tid for å komme ut i arbeid

Kriterium

Du er mellom 18 og 67 år, har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne og har ingen eller svært avgrensa ytingar frå NAV.

Handsaming

Nav-kontoret skal sikre at saka di er så godt opplyst som mogleg før saka blir avgjort. Ein skal vurdere konkret og individuelt kva for opplysningar som er nødvendige for å behandle saka og korleis desse skal dokumenterast. Opplysningane skal så langt som råd innhentast i samarbeid med deg. Søknaden skal vurderast individuelt, og både godkjenning og avslag skal vere grunngjeve i eit vedtak. Kvalifiseringsprogrammet skal starte seinast seks månader etter at du har levert søknaden. Før start skal du ha gjennomgått ei obligatorisk arbeidsevnevurdering.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Nav innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Nav-kontoret skal hjelpe dei som treng hjelp til å få utforma klage. Dersom Nav lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Brosjyrar

Informasjon om kvalifiseringsprogrammet finn du på lenka under. Du kan òg vende deg til Nav-kontoret.

Oppdatert

02.01.2019 14.17.42

Handsamingstid

Nav skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.