Kulturminne - tilskott til arkeologiske undersøkingar

Beskriving

Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom, kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis dersom desse blir urimeleg tyngjande. Automatisk freda kulturminne er kulturminne datert før år 1537 eller samiske kulturminne datert før år 1917.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.

Handsaming

Riksantikvaren skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Riksantikvaren før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Riksantikvaren innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom Riksantikvaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag.

Rettleiing

Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.

Oppdatert

03.07.2018 15.24.01

Handsamingstid

Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Mottakar

Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo