Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon

Beskriving

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • svikt i honningproduksjonen

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Klimatiske forhold kan vere

  • tørke
  • store nedbørsmengder
  • flaum
  • frost
  • dårleg blomstring for honningproduksjon.

Målgruppe

Landbruksføretak som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar.

Kriterium

Ordninga gjeld dersom:
  • skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
  • føretaket driv sin fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane. 
  • du kan dokumentere årsakssamanheng mellom skaden og klimatiske forhold. 
  • du gir umiddelbar melding til kommunen om skaden.

Handsaming

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til Fylkesmannen, som avgjer saka.

Søknadsfrist

Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:
  • ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
  • ved svikt i honningproduksjon må du melde frå før slynging og seinast innan 15. september.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Rettleiing

Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet. Skjemaet sender du til kommunen.

Oppdatert

06.04.2018 12.44.37