Kartforretning

Beskriving

For å kunne 

  • dele frå ny grunneigedom 
  • opprette ny festegrunn for meir enn 10 år
  • registrere ein grunneigedom eller festegrunn (men sjå også kap. 27 i forskriften)
  • setje ut og påvise eksisterande grenser (men sjå også kap. 21 i forskriften)

må ein gjennomføre ei kartforretning. Dette tyder at grunneigedommen eller festegrunnen blir nøyaktig merka, målt og kartfesta. Kommunen er oppmålingsmynde og har ansvaret for å gjere forretninga.

Styraren av kartforretninga går opp grensene i marka saman med dei rette partane. Styraren kan gjere mindre justeringar av eksisterande grenser dersom partane ønskjer dette. Er det tvil om kor den eksisterande grensa faktisk går, er det mogleg å la styraren avgjere dette som valdgiftsdommar. Ein skal føre protokoll frå oppmålinga, og det skal setjast opp målebrev som inneheld grensepunkta og eit kart. Dersom det berre gjeld eksisterande eigedomsgrenser utan grensejustering, skal ein ikkje tinglyse kartforretninga.

Målgruppe

Desse kan krevje kartforretning:

  • Den som har grunnboksheimel til eigedommen ("eigar")
  • Kommunen, fylkeskommunen og staten
  • Personar som har fest grunn for meir enn 10 år

Kriterium

  • Dersom ein grunneigedom skal delast 
  • Dersom ein del av ein grunneigedom skal bli fest bort for meir enn 10 år
  • Dersom eksisterande grunneigedom eller festegrunn skal registrerast

Når ein deler ein grunneigedom, er som oftast kartforretninga med som ein del av ei kart-og delingsforretning.

Pris

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som følgjer av sjølvkostprinsippet.

Handsaming

Den som styrer ei kartforretning skal melde frå om tid og stad for forretninga minst ei veke før ho skal haldast. Varselet skal gå til den som har kravd forretninga, og til alle som har grunnboksheimel til eller kan godtgjere at dei eig ein grunn som grensar til. Dei som skal kallast inn, kan på førehand godta kortare varsel.

Klage

Dei heimelshavarane, eigarane og festarane som avgjersla får følgjer for, kan kan klage inn kartforretninga til Fylkesmannen. Ein kan klage over at ein rekvisisjon på kartforretning er blitt avvist, eller på sjølve utføringa av kartforretninga med påfølgjande målebrev. Klagefristen er 3 veker frå ein har fått melding om vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen, som også kan rettleie.

Rettleiing

Kravet (rekvisisjon) om kartforretning skal skje skriftleg. Rekvisisjonen skal blant anna opplyse om

  • kva det er ein rekvirerer (delingsforretning, kartforretning over eigedom eller festegrunn, justering av grenser o.a.) 
  • omtale av grensene
  • eigar- og festetilhøve
  • naboeigedommar

Oppdatert

17.02.2012 09.51.44