Gravide rusmiddelavhengige - bruk av tvang

Beskriving

Ein gravid rusmiddelavhengig kan haldast attende utan eige samtykke i institusjon som er utpeika av regionalt helseføretak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om bruk av tvungen attendehalding etter forslag frå kommunen. Pårørande kan krevje at kommunen vurderer om den skal fremje sak for fylkesnemnda om bruk av tvang. Formålet er å hindre eller avgrense sannsynlege grunnar for at barnet blir født med skade. Under opphaldet skal det leggjast vekt på at kvinna blir tilbydd tilfredsstillande hjelp mot rusmiddelbruket slik at ho kan bli i stand til å ta vare på barnet.

Målgruppe

  • Gravide rusmiddelavhengige
  • Hennar pårørande

Kriterium

  • Rusmiddelbruket til den gravide må vere av ein slik art at det er svært sannsynleg at barnet blir født med skade på grunn av rusbruken
  • Hjelpetiltak etter helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 (for eksempel støttekontakt, råd og rettleiing, poliklinisk behandling eller frivillig institusjonsopphald) er ikkje tilstrekkeleg

Pris

Institusjonsopphald for ein gravid rusmiddelavhengig er som regel ein del av spesialisthelsetenesta og er da gratis for pasienten og for kommunen.

Klage

Vedtak i fylkesnemnda om å halde attende ein gravid rusmiddelavhengig kan ikkje påklagast, men kan bli brakt inn for tingretten i første instans, både av den gravide kvinna og av kommunen. Eit såkalla hastevedtak (førebels vedtak) skal sendast til fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker innan to veker.

Oppdatert

28.02.2018 17.40.38