Godkjenning av offentlege dokument til bruk i utlandet

Beskriving

For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det førast på eit apostillestempel. Dette kan du til dømes trengje dersom du skal inngå ekteskap overfor utanlandsk myndigheit og ein av partane er norsk statsborgar, eller dersom du skal kjøpe eller selje eigedom i utlandet.

Dokumentet må først vere signert av ein notarius publicus (byfutembete eller tingrett). Apostillestempelet er ei legalisering av dokumentet og stadfestar at underskrifta til notarius publicus er ekte.

Pris

Apostillestadfesting er gratis. Du må likevel betale for eventuelle kostnader knytta til å skaffe eller kopiere dokument.

Rettleiing

Ta kontakt med ambassaden for det landet du skal leggje fram dokument i, og undersøk kva for dokument dei krev apostille på. For dokument du skal bruke i Norden, treng du ikkje apostille, berre stempel frå notarius publicus.

Apostillestadfesting får du hos Fylkesmannen ved å framvise tilstrekkeleg dokumentasjon (originale underskrifter).

Oppdatert

28.09.2017 17.01.07