Fysioterapi

Beskriving

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. I den kommunale fysioterapitenesta er fysioterapeuten anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Du kan få behandling aleine eller i gruppe. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim.

Målgruppe

Eldre, personar med nedsett funksjonsevne og personar som er sjuke eller skadde

Kriterium

Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet.

Pris

Dei fleste må betale ein eigenandel når dei har time hos fysioterapeut eller manuellterapeut.
 
For 2019 er eigenandelstaket 2085 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort i posten.
 
Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.
 
Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut. Dette gjelder
  • born under 16 år
  • personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i førstegangsteneste i Forsvaret)

Du treng ikkje tilvising til fysioterapeut for å få dekt utgifter til fysioterapi.

Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

Rettleiing

Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Brosjyrar


Oppdatert

02.01.2019 15.13.34