Fosterheim / Å vere fosterheim

Beskriving

Har du eller de lyst til å vere fosterforeldre og evnar å gi born ein trygg og god heim? Ein fosterheim tek imot born når barnevernstenesta har avgjort at ein skal setje i gang eit hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Kommunen har ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med heimen. Du vil få den nødvendige opplæringa.

Kriterium

Fosterforeldra skal vurderast nøye opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava til deg er at du er i ein stabil livssituasjon og har eit sosialt nettverk -  uansett om du er sambuar, einsleg eller gift.

Barneverntenesta skal alltid vurdere om nokre i barnet sin familie eller nære nettverk kan veljast som fosterheim.

For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Det kan krevjast politiattest også frå andre som bur i fosterheimen.

Oppdatert

07.08.2018 13.49.23