Førarkort - dispensasjon frå helsekrav

Beskriving

Dersom du ikkje oppfyller dei helsekrava som blir stilte for å ha førarkort, vil du som hovudregel bli fråtekent førarkortet. Du kan likevel søkje om å få dispensasjon frå helsekrava. Det gjeld òg dersom du skal skaffe deg førarkort for første gong eller utvide det til tyngre klasser. Dispensasjon vil kunne innebere nokre avgrensingar, til dømes at du berre kan føre visse typar køyretøy, at køyretøyet skal ha spesialutstyr eller at førarkortet gjeld for ein avgrensa periode. Det blir som regel gjeve vilkår som skal oppfyllast, til dømes at du skal bruke spesielle medisinar eller ha jamlege kontrollar hos lege. Du må akseptere og signere desse vilkåra.

Kriterium

Det blir ikkje stilt konkrete vilkår for når ein kan gje dispensasjon. Ein må vere sikker på at du på tross av tilstanden kan køyre sikkert. Fylkesmannen skal vurdere om trafikktryggingsrisikoen opp mot behovet for førarkort.

Handsaming

Fylkesmannen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til Fylkesmannen før klagefristen for vedtaket går ut.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Fylkesmannen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til Fylkesmannen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Helsedirektoratet, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Oppdatert

28.09.2017 16.59.36

Handsamingstid

Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Mottakar

Fylkesmannen behandlar søknader om dispensasjon frå helsekrava i førarkortforskrifta.