Fasadeendring (vesentleg)

Beskriving

Dersom du ønskjer å endre på fasaden på huset ditt, og det medfører at eksteriørkarakteren på bygningen blir endra, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet. Søknaden må utformast av eit firma (ansvarleg søkjar) som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess. Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).

Kriterium

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Nabovarsling må vere gjort 
  • Tiltaket må samsvare med lovføresegnene om estetikk i plan- og bygningslova
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.
 

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Rettleiing

Dersom du ønskjer å få utført vesentlege fasadeendringar, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal bistå med å gjennomføre tiltaket fram til ferdigstilling.

Oppdatert

06.03.2012 15.59.47

Handsamingstid

Den raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som eit såkalla enkelt tiltak. For enkle tiltak må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette omfattar ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit enkelt tiltak.) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta blir sende inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter.