Farleg avfall

Beskriving

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Pass på at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om innhaldet. Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan føre til alvorleg forureing eller skade på menneske og dyr.

Døme på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri (eiga returordning)
  • Maling, lim, lakk, løysemiddel og sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Materiale som inneheld asbest
  • Isolerglassruter som inneheld PCB (eiga returordningr)
  • Impregnert trevirke
  • Ulike elektroniske og elektriske produkt (eiga returordning) 

Målgruppe

Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall

Kriterium

Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar. 

Pris

For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.

Brosjyrar


Oppdatert

29.11.2018 15.22.49