Erstatning for husdyr drept eller skadd av rovvilt

Beskriving

Etter naturmangfaldslova vil du kunne få erstatning når husdyr er drept eller skadd av rovvilt. Statens naturoppsyn skal undersøkje daude eller skadde dyr. I dei tilfella der dyr er forsvunne på beite og ein ikkje kan finne kadaveret for å slå fast dødsårsaka, kan Fylkesmannen likevel erstatte tapet dersom Fylkesmannen meiner at det er svært sannsynleg at tapet skuldast rovvilt.

Med husdyr meiner ein bl.a. sau, geit, storfe
Med rovvilt meiner ein gaupe, jerv, ulv, bjørn og kongeørn

Målgruppe

Husdyreigarar

Søknadsfrist

Skjemaet må være fylt ut og sendt innan 1. november i tapsåret. Det kan likevel vere situasjonar som gjer det vanskeleg å halde fristen. Søknader som kjem inn etter fristen, blir avviste dersom du ikkje på førehand har avtalt noko anna med Fylkesmannen.

Rettleiing

Du må fylle ut elektronisk søknad om rovvilterstatning i Elektronisk søknadssenter (ESS), sjå lenkja under.

Oppdatert

28.02.2018 17.32.02