Eigedomsskatt - krav om omtaksering av eigedom

Beskriving

Å krevje omtaksering av ein eigedom vil seie at du i perioden mellom to alminnelege takseringar (som skjer kvart tiande år) ber om at eigedommen blir taksert på nytt, eller kommunen gjer dette på eige initiativ. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagt eigedomsskatt.

Kriterium

Omtaksering skal skje dersom

  • det har skjedd ei deling av eigedommen
  • bygningar på eigedommen har brunne
  • bygningar er blitt rivne eller liknande
  • det er ført opp nye bygningar på eigedommen, eksisterande bygningar er bygd på eller det er gjort andre oppgraderingar av bygningsmassa på eigedommen.

Pris

Når skatteytaren krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.

Søknadsfrist

Innan 1. november året før skatteåret

Klage

Du kan klage (krevje overtakst) på ei omtaksering. Sjå eigen tenesteomtale av overtakst.

Rettleiing

Kravet om omtaksering skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret.

Brosjyrar


Oppdatert

14.12.2018 14.14.05