Eigedomsskatt - klage (overtakst) ved pålagd eigedomsskatt

Beskriving

Å krevje overtakst vil seie at du klagar over skattetaksten. Skattetaksten er den verdien huset/eigedommen er sett til, og som dannar grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Skattetaksten skal setjast til den alminnelege omsetningsverdien for eigedommen.

Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagte eigedomsskatt

Handsaming

Overtakstnemnda behandlar krav om overtakst (klage over skattetakst).

Rettleiing

Kravet om overtakst skal vere skriftleg og leverast til eigedomsskattekontoret innan seks veker etter at skattelista er lagd ut.

Oppdatert

27.02.2018 16.09.32