Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve

Beskriving

Det er mykje du kan gjere utan å måtte søkje byggjeløyve. Blant anna kan du setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å be om løyve frå kommunen først.

Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:

  • mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
  • frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
  • mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
  • mindre tiltak i eksisterande byggverk
  • mindre tiltak utandørs
  • fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
  • andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta

Du må sjølv sørgje for at det du ønskjer å byggje, er i tråd med lovverket. Ver spesielt merksam på:

  • at tillaten utnyttingsgrad og regelen om minst fire meters avstand til nabogrensa ikkje blir overskriden.
  • at regelen om 30 meters avstand til jernbanespor ikke blir overskriden (i så fall må du få tillating frå Bane NOR).

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som du meiner kan bli påverka av tiltaket.

Kriterium

Tiltaket må ikkje føre til fare eller ulempe for omgivnadene. Det skal ikkje vere i strid med plan- og bygningslova, arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Er du i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, så kontakt kommunen for meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikke skjer i strid med dei reglane som er nemnde. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du uansett sende ein søknad.

Rettleiing

Når tiltaket er ferdigstilt, må du melde frå til kommunen om plasseringa av bygningen slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldataa.

Oppdatert

28.11.2018 10.50.07