Bilstønad

Beskriving

Dersom du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel som følgje av sjukdom, skade eller lyte, kan du ha rett til bilstønad.

Du kan ha rett til bilstønad dersom du har ei varig funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel, eller dersom bruk av offentleg transport fører til urimelege belastingar for deg. I tillegg må du ha eit behov for bil for anten å kunne

  • reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad
  • utføre din funksjon som heimearbeidande
  • hindre eller bryte eit isolert tilvere
  • avlaste familien i tilfelle der funksjonsnedsetjinga fører til særleg stor pleiebyrde og på den måten kan hindre innlegging i helseinstitusjon

Målgruppe

Menneske med varig funksjonsnedsetjing

Kriterium

Det er en føresetnad at transportbehovet ikkje kan dekkjast på annan måte enn ved stønad til bil.

Det blir ikkje gjeve stønad til bil dersom funksjonsnedsetjinga er oppstått etter fylte 70 år.

Klage

Får du avslag på søknaden din, kan du sende klage innan seks veker frå du tok imot avslaget. Du må fylle ut klageskjema, sjå lenkja over.

Vedlegg

Vedlegga går fram av søknadsskjemaet.

Rettleiing

Du må fylle ut søknadsskjema. Det lastar du inn frå lenkja under

Oppdatert

25.09.2017 19.25.35

Mottakar

Nav-kontoret