Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 63/13), og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg kommunen ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 21. februar 2018.

Listene viser dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om matrikkelnr. (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsar  og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene er lagde ut på servicekontoret på rådhuset og på kommunen si heimeside.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klage på same grunnlag som tidlegare år. Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker (04. april 2018).

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Giske kommune, rådhuset, Valderhaug 4, 6050 Valderøya

E-post: post@giske.kommune.no

 

For bustadeigedomar der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi (formuesgrunnlag) som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, må ein ta kontakt med skatteetaten dersom ein meiner grunnlaget er feil.  

Skatteetaten har adresse:

Skatt Midt-Norge, Postboks 2060, 6402 Molde

www.skatteetaten.no/bolig

 

For meir informasjon om berekning av eigedomsskatt, syner vi til informasjonsbrosjyrer som ligg på Giske kommune si heimeside.

Melding om eigedomsskatt og berekning av eigedomsskatt

Informasjon til eigar av bustad med bustadverdi (formuesgrunnlag) frå skatteetaten

Gjer merksam på at klagefristar/datoar som er oppgitt i brosjyrene var gjeldande for 2014.

Reduksjonsfaktoren ved bruk av formuesgrunnlag er 0,80 i 2018.

 

Lenke til lister:

 

Lenke til brosjyrer: