Høyring og informasjonsmøte - Vern av Giske marine verneområde

Statsforvaltaren inviterer til informasjonsmøte 17. september kl. 1800 på Giske rådhus om forslag om vern av Giske marine verneområde.

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal/Øivind Leren

 

Statsforvaltaren la torsdag 23. august 2024 ut på høyring eit forslag  til vern av Giske marine verneområde.

Du kan lese meir om høyringa her: Høyring - Giske marine verneområde. Høyringsfristen er sett til 31. oktober 2024. 

Statsforvaltaren inviterer til ope informasjonsmøte på Giske rådhus, kommunestyresalen 17. september kl. 1800, der dei vil orientere om verneforslaget og kva verknader det vil ha, og svare på spørsmål frå publikum.

Ønsker du å vite meir om Statsforvaltaren sitt arbeid med marint vern i Giske kan du lese meir her: Marint vern - Giske